text
stringlengths 0
19.4k
| timestamp
timestamp[ms] | url
stringlengths 0
2.09k
| source
stringclasses 4
values |
---|---|---|---|
Oppskrifta er kun til privat bruk. Oppskrifta må ikkje kopierast, vidareselgast eller vidareformidlast. Sal av produkter laga etter oppskrifta er heller ikkje lov. | null | OSCAR-2019 |
|
Ein ting er jo kva arkivverket kan ha kapasitet til å få skrive av og leggje ut på nett, men akkurat når det gjeld panteregisteret ligg det såvidt eg veit online frå sorenskrivarkontora. Korleis ein bygdegranskar evt. kan skaffe seg aksess er likevel eit spørsmål, som eg ikkje veit svar på. Nokon som veit ? | null | OSCAR-2019 |
|
Det er ikkje ofte målfolk finn grunn til å interessera seg for riksmålsrørsla lenger. Men eit jubileum er eit godt høve til å kasta eit blikk over aksla. | null | OSCAR-2019 |
|
Ute å køyra er òg parallellutgåveordninga for lærebøker som i 30 år har vore heilt avgjerande for å gje ungdom frå nynorskområda ein røynleg sjanse til å ta med seg språket sitt seinare i livet. Omkampane om ordninga tek visst aldri slutt, og me er midt inne i ein ny. I samband med Reform 94 delte staten ut meir pengar i læreboktilskot enn han hadde, hovudsakleg til bøker for små fag og ikkje til nynorske parallellutgåver, og alle pengane dei siste åra har gått til å betala gamal gjeld utan at regjeringa og Stortinget har lyfta ein finger for å gjera noko med problemet. Resultatet er at det ikkje er lyst ut midlar til nye parallellutgåver sidan hausten 1999, og det er lett å skjøna at forlaga er oppgjevne over at staten på denne måten har skrive frå seg alt ansvar for at det kjem parallellutgåver. Stoda er no at me fryktar totalhavari i heile ordninga dersom ikkje det økonomiske problemet vert løyst i år. Det må gjerast når regjeringa legg fram revidert budsjett i mai. Torsdag aksjonerer me i von om at nokre pip når fram til kontoret til Clemet, mellom anna med eit opprop frå rektorar i den vidaregåande skulen.
Noregs Mållag har dei siste åra utvida perspektivet på målarbeidet og brydd seg meir rammevilkåra for nynorsken. Eit godt døme er satsinga på Pirion og kulturbarnehagen. Eg trur det er svært mykje å henta for samskipnaden i å gå vidare i den retninga. Den typen samfunnsendringar som mest direkte råkar oss, er dei sentraliserande prosessane – det ser me heilt direkte på skulemålsprosenten. Me let oss slett ikkje vippa av pinnen av nokre promille, men det kan ikkje vera mykje tvil om at ein ny stor runde med kommunesamanslåingar snart vil koma opp, framtvinga av økonomisk sveltefôring av småkommunane. ”Regionalisering” er eit samlande, og misvisande, stikkord for mykje av det som skjer, misvisande fordi det i dei fleste tilfella ikkje er snakk om styrking av regionar ved at dei får overført makt frå hovudstaden, men at makt og ressursar vert sentraliserte.
Noregs Mållag bør ikkje ta til å meina mindre om språk og meir om heilt andre ting, tvert om: Det er snakk om å ha tru på at saka vår er så viktig at ho i større grad enn i dag kan vera med på å prega utfallet av større saker. Omsynet til nynorsken er eit viktig argument for å halda oppe ein desentralisert struktur i NRK, det er eit viktig og sjølvstendig argument for heile pressestøtteordninga, og det er eit argument for å flytta statlege arbeidsplassar frå Oslo til nynorskkommunar. Omsynet til å kunna føra ein aktiv måljamstellingspolitikk talar òg imot å privatisera offentlege verksemder, og ein nynorskkommune bør ikkje slå seg ilag med ein bokmålskommune dersom det set nynorsken i fare.
Tungsinn og pessimisme er det mykje av i målflokken og det er gode eigenskapar: då er ein sikker på ikkje å bli vonbroten. Men det er ikkje sikkert at det er grunnlag for tungsinnet. Eg ser iallfall tre felt der den nynorske målreisinga har mykje å yta og mykje å henta den komande tida.
Eg er optimistisk både på vegne av Noregs Mållag, nynorsken og målreisinga, og dei tre åra som har gått har styrkt optimismen min. Me har mange vener, og me går inn i ei tid der det er mykje å vinna. Ein av grunnane til at eg ser lyst på framtida er det generasjonsskiftet som samskipnaden er midt inne i. Eg var i 1999 den fyrste leiaren som hadde bakgrunn frå 80-åra og ikkje kom frå dei store aktivistkulla i 70-åra som har bore målreisinga på skuldrene sine og lagt ned eit ufatteleg stort og viktig arbeid den siste generasjonen. Det gler meg mykje at det er stadig fleire unge folk å sjå både lokalt, på fylkesplan og sentralt slik arbeidsprogrammet har som målsetjing, samstundes som både mange av heltane frå 70-åra og dei eldre generasjonane også heng med. Gjennomsnittsalderen er framleis på 52,4 år når ein ikkje tek med målungdomen, så det er meir å henta. Samskipnaden vår skal ha ros for den måten yngre krefter har fått sleppa til, trass i meiningsskilnader på tvers av både generasjonar og miljø. Det er ikkje vanskeleg å finna organisasjonar der denne prosessen har vore langt meir smertefull. Eg vonar Noregs Mållag vil halda fram med å vera ein inspirerande møteplass for alle frå ungdomsskuleelevar til pensjonistar – målreisinga er heilt avhengig av det. | null | OSCAR-2019 |
|
Originalverk frå Andy Warhol, Hans Gude og Per Kleiva er med i Nasjonalmuseets vandreutstilling «Visuelle nabolag»… https://t.co/ly2xR6cEPH | null | OSCAR-2019 |
|
Ein skal vere ærleg, open og tydeleg, vise medmenneska tillit og respekt, informasjon skal vere sakleg, korrekt, objektiv og klår og ein skal vise høg etisk standard og ta avstand frå uetisk framferd.
I SKL viser me omtanke for oss sjølv og kvarandre. Arbeid i SKL skal vere helsefremjande, og kvar og ein skal setje tryggleiken til seg sjølv og sine kollegaer først! Om ein tykkjer at tryggleiken ikkje blir ivaretatt skal ein sei ifrå. Alle er ansvarlege for å bidra til eit godt arbeidsmiljø. God skikk og bruk er ein del av vår kvardag og me tolererer ikkje mobbing, ulovleg diskriminering eller anna utilbørleg atferd. | null | OSCAR-2019 |
|
«Eit land som ikkje har styring på energien sin, er eit femterangs land». Denne utsegna frå Mariano Rajoy då han var opposisjonsleiar i Spania i 2008, likar han ikkje å bli minna på i dag, i høve den eksproprieringa som den argentinske regjeringa har gjort av 51 prosent (av totalt 57 prosent) av spanske Repsol sine lutar i det argentinske oljeselskapet YPF.
Privatiseringsprosessane frå 1990-åra blei reverserte ut frå det faktum at dei hadde spelt dundrande fallitt. I 2005 betalte Argentina, som Brasil, det landet skulda til Det internasjonale pengefondet (IMF) og følgde då ikkje lenger råda frå denne organisasjonen, som mange fleire enn kritiske argentinarar meinte hadde ført landet ut i det finansielle og sosiale uføret. Sidan blei òg pensjonssystemet ført attende på statlege hender.
Også militærkuppet i 1955 bar eit umiskjenneleg preg av at det stod sterke oljeinteresser frå Storbritannia og USA bak, noko den argentinske presidenten Juan Domingo Perón har gjeve eit innblikk i i artikkelsamlinga «Frå makt til eksil», der han jamfører kuppet mot han i 1955 med kuppet mot statsminister Mohammed Mossadegh i Iran i 1953.
Alt i 1977, etter berre eit år med militærdiktatur og marknadsliberalisme, var lønene til arbeidarane reduserte med 35 prosent i gjennomsnitt. Den økonomiske politikken til diktaturet kravde at ein tok opp store lån, som ein fekk problem med å betena då rentene gjekk opp internasjonalt frå 1979 av. | null | OSCAR-2019 |
|
*Dette førte til store protestar frå spanske politikarar så vel som frå leiaren i EU-kommisjonen, José Manuel Barroso.
*YPF vart skipa i 1922 som eit statleg oljeselskap, men vart på 1990-talet privatisert som del av ei nyliberalistisk bølgje under president Carlos Menem. | null | OSCAR-2019 |
|
Det sa Inge Lønning i Stortinget 11. juni 1999, og ein raud tråd – ein av dei få – i lesarinnlegg og artiklar frå Riksmålsrørsla, går ut på kor bak mål det er å samanlikna den norske målstriden med nokon som helst annan målstrid. Dei freistar såleis å gjera den norske målstriden til eit internt norsk ”anliggende”, nett som Tyrkia på same vis og med langt meir blodige konsekvensar insisterer på at det ikkje finst ein konflikt med kurdarane, berre ein strid mellom tyrkarar og terroristiske ”fjelltyrkarar”. Når eg les Lønning, kjenner eg meg som ein fjell- og fjordtyrkarar. | null | OSCAR-2019 |
|
Kurset er mest for forskarar som ønskjer å vidareutdanne seg innan forskingsetikk, men er ope for alle. At ein nyttar nettet, inneber at ein kan følgje det frå heile landet.
Dette er første gongen ein etablerer eit etikkurs innan desse fagområda. Den tilsvarande komiteen innan medisin har hatt eit tilsvarande kurs gåande i eit og eit halvt år.
Grung seier at ein ikkje har grunnlag for å tru at den etiske standarden mellom forskarar er dårlegare i dag, men:
- Å vera forskar er å utøve ein profesjon, og då må ein vere etisk medviten. Dette er eit tilbod til forskarane om å bli det. | null | OSCAR-2019 |
|
Ei rekkje kjende forskarar frå USA slår fast at det ikkje lenger er ytringsfridom i USA. Ikkje fordi politiske styresmakter grip inn – langifrå. Nei fordi sponsorane og eigarane har sin eigen agenda – dei ynskjer auka profitt på varene sine. Magasinet TIME hadde nyleg eit temanummer om miljøureining. Hovudsponsor for TIME er Ford (General Motors), og det var nok ikkje tilfeldig at TIME ikkje skreiv noko om luftureining i sin elles systematiske presentasjon av ureining.
Språkleg og kulturelt mangfald vert av dei aller fleste framstilt som noko positivt som det er viktig å ta vare på, òg av globaliseringstilhengjarane. Det kulturelle perspektivet kjem heller inn når me møter motspørsmålet: Er det så gale at ein del språk og lokalkulturar går tapt når me tenkjer på alt ein får att i økonomisk vekst og velstand? Vil ikkje den som set seg utanfor globaliseringa for å ta vare på sitt vesle språk og sin rare kultur på lang sikt tapa? Og kven er det i dag, bortsett frå språkforskarar og attendeskodande romantikarar, som eigenleg saknar dei språka som døydde ut for lang tid sidan? Er ikkje dette ein pris det er verdt å betala for vekst og velstand? Dette er nok ein utbreidd underliggjande syn i globaliseringsivrige miljø.
Dette synet finst i ein annan variant i ein del intellektuelle miljø, helst av det postmoderne og urbanistiske slaget. Der har me gjennom mange år sett at verdien av den stadbundne identiteten har vorte bagatellisert. ”Folk har føter, ikkje røter”, har vorte eit mantra etter Salman Rushdie. Identiteten er ikkje lenger noko fast, men noko ein sjølv snikrar saman ved å velja frå øvste hylle. Ideen om den stadbundne identiteten, og i det heile tradisjonelle identitetar som den lokale og den nasjonale, er ut frå dette perspektivet reaksjonært og står i vegen for eit lukkeleg liv der ein sjølv har gjort frie val. | null | OSCAR-2019 |
|
I tillegg til det reint økonomiske har USA eit klårt ideologisk motiv for fri flyt på kulturområdet: Gjennom filmar på kino, fjernsyn og video veit truleg ein gjennomsnittleg 16-åring frå Oslo meir om dagleglivet i ein amerikansk storby enn i ei norsk bygd – kanskje med unntak av Berlevåg. | null | OSCAR-2019 |
|
GATS-avtalen definerer alle typar kunstneriske uttrykk som tenester. Sjølv om medlemsstatar i WTO faktisk kan unnlata å leggja tilbod frå desse sektorane på forhandlingsbordet, er det eit stort press både bilateralt og multilaterlat for å få det til.
USA har alt lagt på bordet eit framlegg om at audiovisuelle tenester skal dekkjast 100 prosent av GATS. Sveits har kome med eit anna framlegg som i følgje ein tenestemann er eit forsøk på å “byggja bruer mellom USA og EU sine posisjonar”. Dette vil vera eit hovudelement i dei pågåande forhandlingane, og med fleire tema inkludert i forhandlingane er det større rom for ringverknader av liberaliseringa. | null | OSCAR-2019 |
|
”No me hev vunne den fulle politiske fridomen, må me ikkje gløyma: Den politiske fridomen er ikkje den djupaste og største. Større er det, at eit folk kann halda uppe sin åndelege arv i tungemålet.” Slik lydde det i ei tale sumaren 1906 som vart prenta i målavisa Den 17de Mai. Det var ikkje kven som helst som tala om ”Sjølvstendet og det norske målet”. Det var Jørgen Løvland, den fyrste norske utanriksministeren som året før hadde vore norsk statsminister i Stockholm og leiar for statsrådsavdelinga der, og dermed hatt ein avgjerande innverknad på unionsoppløysinga.
Jørgen Løvland heldt fram som styremedlem i Noregs Mållag til 1917, og etter valet i 1913 var han attende på den rikspolitiske arenaen som den fyrste nynorskbrukande stortingspresidenten. Frå 1915 til 1920 var han Kyrkje- og undervisningsminister i regjeringa til Gunnar Knudsen, og her vart han ein nøkkelperson i ei sterk framgangstid for målrørsla. Som statsråd sytte han både for ei omfattande oppnorskinga av namneverket og for 1917-rettskrivinga. I Lars Roar Langslet si riksmålssoge frå i fjor er han ein av sjefsskurkane, mest på høgd med Halvdan Koht.
Dette er sjølvsagt ikkje noko nytt – heile det tiåret me har bak oss har vore prega av låg interesse for målspørsmålet på riksplan og meir eller mindre vellukka freistnader frå målrørsla på å gjera noko med det. Til dei meir vellukka høyrer til dømes Ivar Aasen-året i 1996 og læremiddelaksjonen i 1997.
Me ser det som ein tjukk raud tråd gjennom 1900-talssoga: Det er i dei periodane dei folkelege og radikale rørslene med røter i distrikta og representantar i den politiske eliten har greidd å koma seg på offensiven at målreisinga har kome styrkt ut. Etter krigen gjeld det sjølvsagt tydelegast frå slutten av 60-åra og eit tiår frametter, men i ein viss grad òg delar av 90-åra – den siste innhegna av jappetida i 80-åra og ein kraftig nyliberalistisk vekstperiode frå slutten av 90-åra som me framleis har den tvilsame gleda å stå midt oppe i. Og når språkleg likesæle og eit ’minste motstands veg’-syn vert kopla med ei sterk nytte-tenking, veit me at nynorsken ikkje er på heimebane. Når det instrumentelle synet på språk får rå, blir språk- og kulturspørsmål igjen viste til utkanten av samfunnsstriden. Og ser me bort frå den hardaste riksmålsreaksjonen etter krigen, er det alltid nynorsken som har tent på strid, uro og merksemd, medan språkfreden og likesæla har tent bokmålsveldet. Di fleire som kjem seg unna utan å måtta ta stilling til målspørsmålet, di betre går det for bokmålet.
I sine beste stunder kan målrørsla og norskdomsrørsla vera med på å forma den samfunnsutviklinga som legg rammene for nynorsken. Det er eit høve me aldri må la gå frå oss, og det er i fyrste rekkje eit spørsmål om politiske alliansar. Målrørsla kan likevel aldri gjera det til ein hovudaktivitet å driva fram samfunnsendringar – oppgåva vår er fyrst og fremst å gjera det beste ut av situasjonen, same kva me elles måtte meina om han. Me arbeider for nynorsken i dette samfunnet, ikkje eit anna. I praksis er det heller ikkje noko stort problem – det er fullt mogleg å kombinera eit arbeid for nynorsk i byane med eit arbeid som tek sikte på å bremsa og helst stogga sentraliseringa, slik Noregs Mållag gjorde i valkampen i haust då me tok initiativet til eit samarbeid med 18 tunge organisasjonar for å hindra skulenedleggingar.
Det er ikkje det same som å seia at innhaldet i målreisinga er konstant – mykje er annleis i dag enn det var på Aasen si tid. Men etter 150 års strid og tradisjonsskaping, er det òg klåre grenser for kor langt me kan og bør gå i å omdefinera innhaldet målreisinga utan at me fjernar oss frå det som har bore nynorsken oppe alle desse åra.
Ein treng ikkje sitja i Romsdalen for å seia dette – det same kunne ein høyrt frå ein vanleg kulturarbeidar på Kløfta eller Holmlia. Mange nordmenn kjenner eit slikt raseri, og målrørsla er det viktigaste organiserte uttrykket for raseriet. Men føresetnaden er då at målrørsla ser seg sjølv som ei brei kulturrørsle med eit breitt kulturpolitisk engasjement, ikkje som ein rein målrørsle.
Skulemålsarbeidet har prega Noregs Mållag i lang tid, og eg kan ikkje sjå noko som gjer det aktuelt å røra ved skulemålsarbeidet som det øvste prioriterte innsatsområdet vårt. Same korleis ein snur og vender på det, er det heilt avgjerande for den språklege framtida til eit lokalsamfunn kva skriftmål ungane veks opp med. Og målet må som før vera at flest mogleg har nynorsk både når dei byrjar i skulen og når dei går ut av han. I bokmålsområda, ikkje minst i byane, vil kampen framleis stå om sidemålet og om å få i gang nynorskklassar. Båe delar er avgjerande for framtida til nynorsken i eit meir sentralisert Noreg.
Det mediestyrde samfunnet set òg heilt andre rammer for politisk arbeid og organisasjonsarbeid. Dette vert skrive berre nokre dagar etter at media spela ein hovudrolle i det røynlege leiarskiftet i Arbeidarpartiet. Anten ein opererer på eit lokalt, regionalt eller nasjonalt plan, vert den politiske suksessen meir avhengig av at ein greier å utnytta media i arbeidet for saka si. Og diverre – dette er ein røyndom som Noregs Mållag ikkje har greidd å omstilla seg til. For mållaget står utviklinga av ein offensiv mediestrategi står sentralt i det halvåret me er inne i.
Sameleis er det eit stort utviklingspotensial, som det heiter når noko ikkje er bra, i arbeidsmåtane våre. Målreisinga er eit evigvarande arbeid der det er det jamne arbeidet over mange år som må til, men sidan me er ein kulturpolitisk og ikkje ein religiøs organisasjon, er ikkje det ævelege perspektivet spesielt motiverande. Litt for mange målfolk kan sjå ut å ha han Lars i lia hjå Garborg som førebilete – han som tenkjer både vel og lenge før han gjer noko, og aldri kjem i gang med å få vølt taket på løa fordi det heile tida kjem opp noko anna som må gjerast. Målfolk er aktive på mange felt, og det dukkar gjerne opp saker som ein lyt gjera unna før ein kan ta til med målarbeidet, anten det er å få rassikra vegen, hindra skulenedlegginga, opna ein ny bokkafe eller vinna ein EU-strid. Og når mange nok tenkjer slik, får me ikkje gjort mykje av det me kunne få gjort. | null | OSCAR-2019 |
|
Språkfreden på riksplan er eit politisk vedtak. Det vart gjort i mai 1970 då Stortinget etter tilråding frå Vogt-komiteen vedtok å ekskludera målspørsmålet frå rikspolitikken og redusera målstriden frå politikk til administrasjon. Og rett skal vera rett – målrørsla har vunne mykje gjennom desse tretti åra og vunne mykje av det som var truga i Vogt-tilrådinga: Nynorske læremiddel i vidaregåande skule, mållova og ei styrking av nynorsken i statstenesta, ei kraftig styrking av nynorsk og dialektar i etermedia, frislepp for dialektane i heile samfunnet, nybygg for Det Norske Teatret i 1985, aukande nynorskbruk i media og næringsliv i nynorskområda, Aasen-tunet. Likevel har det vore ein fred på premissane til bokmålet, som kan styrkja seg i det stille, i kraft av si eiga kjøtvekt. Dette er hovudutfordringa vår det neste tiåret – å atterreisa målspørsmålet som eit rikspolitisk spørsmål og eit emne i den store ålmenta.
Me treng meir ei meir pågåande haldning. Ivar Aasen har skrive mykje klokt. Men sjølv om det var Aasen som skreiv ”Ver nøgder med Luten din, um han er no ring, / og tenk deg, at ditt er da besta”, så er ikkje dette nødvendigvis eit bra slagord for målarbeidet. Bokmålsfolket tenkjer ikkje slik. Dei går på, krev røysting og tapar, så prøver dei att etter fem år, og tapar dei då, vinn dei kanskje tredje eller fjerde gongen. Denne tenkinga finn ein mest ikkje hjå målfolket. På 80- og 90-talet gjekk vel 60 skulekrinsar over frå nynorsk til bokmål – kvifor lar me dei få vera i fred? På felt etter felt ser me at me tenkjer for smått. Me skal vita å gle oss over alle små framsteg og sigrar, men me skal vakta oss mot å vera nøgd med lite.
For det framifrå arbeidet og dei gode resultata som mange lag kan leggja fram, viser oss at nynorsken har eit stort potensiale. Nynorsken har vener langt utover dei rekkjene som sjølv har nynorsk som fyrstespråk, både i kraft av dei kulturelle verdiane som er skapte gjennom 150 års målreising, og gjennom den kulturreisinga som nynorsken er ein del av. I periodar har me hatt ein tendens til å sjå målreisinga i eit unødvendig snevert filologisk og pedagogisk perspektiv. Me har hatt ei tru på at likskapane mellom dialektane og nynorsken i seg sjølv har vore nok til å få folk rekna nynorsk som deira språk. Ei sak er det no at dei store talemålsendringane på Austlandet ein del stader ikkje gjer det like sjølvsagt som før at nynorsken ligg mykje nærare dialekten enn bokmålet, iallfall ikkje så mykje nærare at det er noko folk ser grunn til å leggja vekt på. Det viktige er likevel at språkval er så mykje meir enn eit val mellom ulike ord og lydar – det er i fyrste rekkje eit kulturelt val og eit politisk val. | null | OSCAR-2019 |
|
Motsetnaden mellom målreising og arbeidarreising fell òg ofte lett i augo. Den mest profilerte politikaren til DNA etter at partiet kom inn på Stortinget i 1903 var ein riksmålsmann. Alfred Eriksen vart seinare formann i Riksmålsforbundet og vart ekskludert frå DNA i 1912 på grunn av riksmålsaktivismen. Lokalt var det gjerne konfliktar mellom konservative nynorskbønder og sosialistiske riksmålsarbeidarar. Legg ein til avstanden mellom ein internasjonal sosialisme og ein nynorsk kulturnasjonalisme, står det fram som sjølvsagt at tilhøvet mellom dei to rørslene aldri kunne bli særleg godt.
Dei største konfrontasjonane mellom målrørsla og DNA galdt ikkje språk, men militærvesen. Ein kan følgja ein sterk militærpolitisk aktivisme i leiande miljø i målrørsla frå folkevæpningsrørsla i 1880-åra gjennom opprustinga mot Sverige i 1890-åra, opposisjonen mot Karlstad-forliket hausten 1905 og til opprustinga fram mot fyrste verdskrigen.
Målrørsla fekk DNA med på å innføra Nidaros-namnet i 1929, men i 1931 gjekk partiet tilbake på vedtaket til store protestar frå målfolket. 1938-rettskrivinga stadfeste at DNA i motsetnad til Venstre gjekk sine eigne vegar i målspørsmålet og ikkje let seg diktera av målrørsla. Det er ei rekkje årsaker til at tilhøvet mellom målrørsla og DNA aldri vart meir fortruleg, men det er liten tvil om at den militærpolitiske aktivismen til målrørsla er ein viktig del av forklaringa.
Interesant lesnad. Det er kan hende omtala nærare i boka, men Grønlandssaka må då òg ha skapt konfliktar mellom målrørsla og arbeidarrørsla i 30-åra? | null | OSCAR-2019 |
|
Heile dagen hadde eg spurt han så det var ikkje så urimeleg, det ynsket hans. Det var desember. Det var høgsommar. Sveitten rann. Vi køyrde og køyrde. Omsider hadde vi funne fram. Vi såg eit nett av svarte flekkar mot raud jord oppe i ei li. Det kunne sjå ut som Jæren om våren om ikkje jorda hadde vore raud. Så kom vi nærare og såg kva det var. Svarte telt, rad på rad i snorrette liner, telt av svart plast. 650 familiar budde her i 650 brakker av svart plast. 2300 menneske. Vi var hjå Sem Terra, rørsla av dei jordlause i Brasil.
Dei landlause i MST saman med småbrukarar og landarbeidarar frå Afrika, frå Asia frå Stillehavet dei visste noko som vi kanskje har gløymt: At profitt kan drepa, at kapitalisme er ein maskin for massedrap, at det nyliberale herjingstog over verda er farleg. Den nyliberale verdskapitalismen løfter oss opp, løfter mange opp, men støyter langt fleire ned. Der vi ikkje ser til dagleg. 1500 MST-bønder har mista livet for kulene frå dødskvadronar og politi i eit land der den fyrste globalisering, «oppdaginga av Amerika», førde med seg folkemord som set Europas Holocaust i skuggen. Og da indianarane i Brasil var utsletta, kom den neste økonomiske globalisering: Millionar av slavar vart frakta over havet for å auka profitten i Portugal og Storbritannia. Halvparten fekk ei våt grav på vegen. I kapitalismens «take off». Globaliseringa i kapitalens teneste har ei uhyggeleg historie. | null | OSCAR-2019 |
|
Ein mann i slutten av 80-åra er flogen til sjukehus med alvorlege skadar etter at han fekk varm parafin over seg i heimen sin i Halden. Pårørande varsla naudetatane då dei fann mannen. | null | OSCAR-2019 |
|
- der budde det jammen meg ein triveleg kar! Namnet hans var Vilhelm Rumohr, og søndag 13. august tok han imot ca femti deltakarar frå Nordhordland Turlag
Vil du sjå NRK sitt program " Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", frå Frønningen, finn du lenkja HER | null | OSCAR-2019 |
|
Som du kjenner til, er det i det minste ein referanse til han under året 1534, vel frå ei av våpenbøkene så vidt eg hugsar. Noko samtidig kjelde finst vel ikkje på det. At det har eksistert ein Jon, som var far til Nils er vel tvillaust ettersom Nils hadde patronymet Jonsson. Han har definitivt eksistert. At denne Jon har vore i live kring 1534 er sannsynleg - men ikkje etterprøvbart. At denne Jon var ein Olavsson (Hård) har vi (som du veit) altså ikkje samtidige kjeldeførelegg for, men opplysninga er ikkje villare enn at den kan førast opp som truverdig - om enn ikkje etterprøvbar, og dermed ei hypotese. | null | OSCAR-2019 |
|
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hurd Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System). | null | OSCAR-2019 |
|
Den franske forfattaren Jean Raspail er nok eit ukjent namn for dei fleste nordmenn. Ingen av bøkene hans er umsette til norsk, og millomfolkelegt hev han ikkje fenge serleg stor merksemd sidan han gav ut den fyrste romanen sin, Terre de feu – Alaska, i 1952. Undantaket er den umstridde Le Camp des saints frå 1973, som til trass for – elder, kann henda heller på grunn av? – at han fekk hard medfart av dei leiande kritikarane, på fåe år vart ein bestseljar i heimlandet Frankrike og med kvart vart umsett til mellom anna spansk, tysk, italiensk og engelsk. Eg hev lese den engelske 1994-utgåva som er gjevi ut av av The Social Contract Press, basert på Norman Shapiro si umsetjing frå 1975.
«Ser ein burt frå desse tvo punkti er det fåe ting som «skurrar» i denne romanen som utan tvil er apokalyptisk. Til å vere snart 40 år gamal er han yverraskande dagnær, ja nær sagt profetisk med råkande skildringar av møtet millom høgst ulike kulturar og folkeslag.»
Det andre punktet eg tykkjer er urealistisk er at flykningane i romanen kjem frå Ganges i India. I røynda er det jo flykningar frå Nord-Afrika og Midtausten som utgjer dei største gruppone av framande i europeiske land. Sume meiner at Raspail gjorde dette heilt medvite for å sleppe å provosera uturvande mykje. Alt den gongen hadde muslimsk innvandring frå tidlegare koloniar byrja å laga problem i Frankrike.
Då boki utkom i 1973 vart ho møtt med øyredøyvande tystnad frå franske kritikarar. Ein vilde sjølvsagt halda seg for god til å gjeva ei «rasistisk» bok merksemd som kunde auka salet. Trass dette gjekk «jungelordet» og takk vera at ordet gjekk vart boki etter kvart ein bestseljar. Fyrst i Frankrike, seinare kom boki ut på andre språk i fleire land, og selde godt dér óg. Den engelske umsetjingi av Norman Shapiro kom ut i USA i 1975. Her var reaksjonane frå kritikarane meir blanda, sume var beint motmannslege, mange var gode, men i minsto freista ein ikkje å tegja ihjel boki. Utgåva frå The Social Contract Press hev ei rad tillegg, millom anna eit intervju med Raspail frå 1993 og eit stort utval attmeldingar og umtalor frå kritikarar og andre. Dette er slikt som óg kan gjeva meining for dei som les boki. | null | OSCAR-2019 |
|
Er du frå ein kommune med mindre enn 10 000 innbyggjarar, har ikkje regjeringa interesse av kva du kan bidra med. - Uakseptabelt, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal (Sp). | null | OSCAR-2019 |
|
Sandal meiner dette er eit slag mot det folkestyret han er ein del av og vil sjølv ta dette opp med eige parti for å endra denne praksisen. | null | OSCAR-2019 |
|
Det er ikkje første gongen at fiskeriministeren er ute i hardt vêr på grunn av sitt deleigarskap i Sinkaberg-Hansen. I fjor blei selskapet frifunne frå påstandar om miljøkriminalitet. | null | OSCAR-2019 |
|
– Dessutan er sjølvsagt artskategorisering avgjerande for oss når vi skal hente ut data, som igjen skal føre fram til ei bestandsberekning. Det får vi i dag ikkje til med sonar aleine. På ekkolodd nyttar vi den relative ekkostyrken av fisk på ulike signalfrekvensar i artskategorisering, og sidan sonar berre har ein signalfrekvens så har me ikkje tilstrekkeleg informasjon.
I dag nyttar ein ei rekke reiskap og metodar på tokt for å samle inn data – frå nemnte ekkolodd, til trål og egghåv. | null | OSCAR-2019 |
|
Det er ikkje mange produsentar av barberrelaterte artiklar her i heimlandet. Det irriterar meg framleis at eg kom for seint på bana til å få med meg alle produkta til Fitjar Såpekokeri. Eit lite firma som slutta produksjonen av nokre fantastiske barbersåper grunna mattilsynet sitt fullstendige galskap av eit byråkrati. Eg forelska meg hovudstups i ein barberstick dei produserte, og har eit ørlite håp om at den skal kome att ein gang i framtida.
Men takka vere Cut-throat fekk eg no ei barbersåpe frå ein anna norsk produsent. Brutalt Bra Barbersåpe frå Bergums Såpekokeri. Først av alt: for eit fantastisk namn! Ikkje noko fisefine franske eller latinske namn ingen skjønnar ein skvett av., men 3 enkle ord som forklarar alt. I tillegg er designen på aluminiumsboksen heilt rett. Gamaldags layout med rett bruk av fargar og skrifttype gjer at burken kjennes autentisk ut, som noko ein kunne funne i arvegodset etter ein gamal bestefar.
Eg har no prøvd denne såpa både med og utan barberingsolje i forkant. Med halvsløvt barberblad, og med splitter nytt. Og eg har prøvd den med og utan å ha dusja før barberinga. Resultatet er uansett det same. Såpa luktar nydeleg, den gir god glid og tett barbering. Huda kjennes mjuk ut og det er ikkje teikn til sårheit eller liknande. Godt jobba, du einsame såpekokar frå Klæbu! | null | OSCAR-2019 |
|
Eg har ikkje lese denne endå, men Auster er ein stor favoritt! Du har eit mangfoldig og godt forfattarskap framføre deg. | null | OSCAR-2019 |
|
I oktober køyrde me frå Sogndal via Turtagrø til Årdal, Årdalstangen og tilbake til Sogndal. Der var så mykje vakkert å sjå langs vegen at me har bestemt at dit skal me fleire gongar og ha betre tid. I Fortun var det fantastisk. Men den fjellgarded de besøkte visste eg ikkje noko om. | null | OSCAR-2019 |
|
Tegl er eit keramisk materiale laga ved brenning av leire i spesielle omnar. Ordet kjem frå latin tegula (brukt om takstein) frå verbet tegere som betyr «å dekke». | null | OSCAR-2019 |
|
Etter det ein veit var det i mars 1670 (Svare skriv 1730) denne ugjerninga bar til. Røsdalen er ein einbølt fjellgard. Den gongen dette bar til var det eit hovudbruk og eit husmannssete. På hovudbruket var det unge folk. Dei hadde nett fått første barnet sitt, det låg i vogga. Og så hadde dei ein gjetar-glunt. Andre folk var det ikkje på garden.
Husmannen såg glunten med det same han hoppa ut, og sprang etter og skulle ta han. Men glunten fekk føremon, og husmannen greip i farten ein sle'-meie og kasta etter han. Han ville gi han eit råmhogg så han vart ufør å fly. Men han råka ikkje. Og no vart det ei kappspringing ned-gjenom Røsdalen, glunten føre, berrføtt og naken, og husmannen etter.
Husmannen stelt kje standa kar med glunten, han vart lenger og lenger etter. Nedst i Røsdala var det mølnhus, og då glunten nådde dit, var han så avtevla at han greidde ikkje meir. Møln-trørne var gjorde av heilo, av uthola stokkar. Dei var overdekte med snø og is, men opne inni. Glunten hadde då så stor føremon at han såg ikkje husmannen, og i all hast smaug han ned i troa, inn punn isen. Men husmannen var ikkje langt etter. Glunten hadde ikkje før fått gøymt seg, så var han der. Han gav seg til å leita og løska alle stader både inne i mølnhusa og ute. Han hadde ein piggstav i handa han stakk med. Og han for ikkje stilt.
Kona svara at ho hadde ikkje set noko til glunten. Og då husmannen såg ut til å tvila litt på dette, bad ho han sjølv sjå etter. Husmannen leita då huset rundt, og då han ikkje fann glunten, gav han opp.
Protokollen om rettargangen mot Røsdals-mordarane må vera bortkomen. Det er likt til at han ikkje er å finna i arkiva. Vi har derfor ikkje anna å halda oss til enn fråsegnene som har levt på folketunga. Men når det gjeld dette mordet, er det lite vingling i tradisjonen. På eit punkt er det litt tvil. Some seier det var til Honggarden gjetar-glunten kom, ikkje til Gamarka. | null | OSCAR-2019 |
|
han er fin, då. men kvar gong ein nynorskforfattar skriv “vi” stoppar eg opp ein halvsekund og korrigerar inni hovudet mitt til “me” før eg kan fortsette. | null | OSCAR-2019 |
|
Blant våre tilsette finn du alt frå skogsarbeidarar til mekanikarar, noko som sikrar svært høg driftstryggleik og gjer at vi kan påta oss dei aller fleste typar oppdrag. | null | OSCAR-2019 |
|
Du finn Ivar Mortensson Lindsheim/Bråtå (Storbråtå?) som C.6. på side 19 i Ættebok for Skjåk I - faren var frå Uppigard Skjåk og mora frå ein Forberg-gard: Lenke | null | OSCAR-2019 |
|
Hei Bjarte!Du finn Iver Marthinson i 1801 på Hellegard i Jostedalen, gift tenesedreng. Om ikkje eg hugsar feil, so døydde han òg i Jostedalen...Med venleg helsing,Lars E. Øyane | null | OSCAR-2019 |
|
I krossfarartida vart han kalla «St. John d'Acre» etter Johannesordenen som hadde hovudkvarteret sitt der. Akko er den heilagaste byen i bahaitrua. I 2011 hadde byen 46 464 innbyggjarar.[3] Akko har ein blanda folkesetnad, der 75 % av innbyggjarane er jødar og 25 % er arabarar.
Namnet 'Akka er registrert i egyptiske kjelder frå kring 2000 fvt., med tre teikn (den første gutturale lyden, «k» og «a»; etterfølgd av teiknet for «utanlandsk by»).[4][5]
Byen vart kalla Ptolemais i hellenistisk tid og seinare romersk-bysantinsk tid, men vart gjeven attende namnet «Akka» etter den muslimske erobringa.
Akko er ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda.[6] Namnet Aak, som finst i skattelister til Thutmose III (ca. 1400-talet fvt.), kan vere ein referanse til Akko.[treng kjelde] Amarnabreva nemner òg staden Akka,[7] og det same gjer Forbanningstekstane, som er eldre enn Amarnabreva.[8] Den første busetnaden på staden ser ut til å ha dukka opp i tidleg bronsealder, eller kring 3000 fvt. [2] I Det gamle testamentet, (Dommarane 1:31) er Akko ein av stadane som israelittane ikkje dreiv ut kanaanittane frå. Han vart seinare skildra i området til stamma Asher og i følgje Josefus, vart han styrt av ein av guvernørane til Salomo. Gjennom det israelittiske styret, var han politisk og kulturelt knytt til Fønikia. Kring 725 fvt. vart Akko med Sidon og Tyr i eit opprør mot Shalmaneser V.[9]
Den andalusiske geografen Ibn Jubayr skreiv i 1185 at det framleis var eit muslimsk samfunn i byen, som tilbedde i ein liten moské. Akko kapitulerte i lag med Beirut og Sidon utan kamp for ajjubidane og Saladin i 1187, etter den avgjerande sigeren ved Hattin og den påfølgjande muslimske erobringa av Jerusalem. Han vart verande i muslimske hender fram til byen uventa vart kringsett av kong Guy of Lusignan—forsterka av marinen og bakkestyrkar frå Pisa — i august 1189. Kringsetjinga var unik i krosstogshistoria fordi dei frankiske kringsetjarane sjølv vart kringsett av soldatane til Saladin. Han vart ikkje erobra før i juli 1191, då styrkar frå det tredje krosstoget, leia av Rikard I av England og Filip II av Frankrike, kom til støtte. Akko tente då som den eigentlege hovudstaden i det som var att av kongedømet Jerusalem i 1192 og vart seinare setet for Maltesarordenen. Akko vart verande ein velståande handelsby aust i Middelhavet, men gjekk òg gjennom nokre turbulente tider med kampar mellom forskjellige fraksjonar av krossfararane som stadig førte til borgarkrigar.[21]
Under osmansk styre spelte Akko framleis ei viktig rolle i regionen via mindre sjølvstendige sjeikdøme.[2] Mot slutten av 1700-talet var tilstanden på veg oppover igjen i Akko under styret til Dhaher al-Omar, den arabiske herskaren i Galilea, som gjorde byen til hovudstad i det sjølvstyrte sjeikdømet sitt. Dhaher bygde opp att festningsverka i Akko, og brukte materiale frå dei gamle mellomalderruinane. Han døydde utafor murane under eit åtak mot han av den osmanske staten i 1775.[21] Etterkomaraen hans, Jezzar Pasha, fortsette på festningsverka då han flytta hovudstaden i Saida eyelet («Sidon provins») til Akko, der han budde.[25] Jezzar fekk til desse forbetringane gjennom tunge skattar og sikra seg sjølv alle fordelane med utbetringane. Kring 1780 forviste Jezzar den franske handelskolonien, trass i protestar og frå den franske regjeringa, og nekta å ta i mot ein konsul.[treng kjelde] Både Dhaher og Jezzar utførte ambisiøse byggprosjekt i byen, og bygde fleire karavanseraiar, moskéar, offentlege bad og andre bygg. Somme av bygga var Jezzar Pasha-moskéen, som vart bygd av stein frå dei gamle ruinane frå Caesarea og Atlit og Khan al-Umdan, som begge vart bygd etter ordre frå Jezzar.[24]
Festninga i Akko vart omgjort til eit fengsel, der medlemmar av den jødiske undergrunnen vart halden under kampane deira mot britane, mellom dei Zeev Jabotinski, Shlomo ben Yossef og Dov Grunner. Grunner og ben Yossef vart avretta der. Andre jødiske fangar vart sleppte fri av medlemmar av Irgun, som braut seg inn i fengselet den 4. mai 1947 og klarte å sleppe fri aktivistar frå den jødiske undergrunnsrørsla. Over 200 arabiske fangar rømde òg.[28]
I delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina i 1947, var Akko tiltenkt ein del av ein framtidig arabisk stad. Før den arabisk-israelske krigen i 1948 braut ut, gjekk arabarar i Akko til åtak på jødiske busetnader og transport i området. Den 18. mars 1948 tok arabarar frå Acre livet av jødiske tilsette i eit elektrisitetsselskap som reparerte øydelagde linjer nær byen.[treng kjelde]
Under krigen i 1948 vart Akko kringsett av israelske styrkar. Det braut samstundes ut tyfus i Akko.[treng kjelde] Egypt hevda at Haganah nytta tyfus som eit biologisk våpen mot innbyggjarane, men det er ikkje funne bevis som støttar dette.[treng kjelde] Brigader Beveridge, sjef for den britiske medisintenesta, hevda på den tida «Noko slikt har aldri skjedd i Palestina». I følgje Ilan Pappé vart det gjort ei undersøking av Beveridge, og oberst Bonnet frå den britiske hæren og delegatar frå Raude Krossen konkluderte med at infeksjonsn vart spreidd via vatn.[29] Israel nektar for å brukt biologiske våpen.[30][31]
Akko vart erobra av Israel den 17. mai 1948,[32] og forflytta den arabiske folkesetnaden i byen (13 510 av 17 395).[33] Gjennom 1950-åra vart mange av dei jødiske bydelane oppretta nord og aust i byen, og han vart ein utviklingsby utpeikt til å ta i mot dei mange jødiske emigrantane, hovudsakleg jødar frå Marokko. Gamlebyen i Akko vart i stor grad verande arabisk og muslimsk (mellom anna fleire beduin-familiar), med den arabisk kristne bydelen like ved. Byen trekte òg til seg folk frå Bahá'í-trua, og somme fekk viktige stillingar i byen. I dag ligg Bahjí-herregarden i byen.
I 1990-åra tok byen i mot tusenvis av jødar som immigrerte frå Sovjetunionen og seinare frå Russland og Ukraina. I løpet av fleire år, endra balansen mellom talet på jødar og arabarar i byen seg att og fram, då dei nordlege bydelane vart fråflytta av mange jødar, som heller slo seg ned i den nærliggande Nahariya, medan mange muslimske arbarar flytta inn (hovudsakleg frå nærliggande arabiske landsbyar). Byen har i dag likevel fått ein stor jødisk majoritet.
Etniske kampar braut ut i byen den 8. oktober 2008 då ein arabisk innbyggjar køyrte gjennom den hovudsakleg jødiske bydelen under Yom Kippur, noko som førte til fem dagar med vald mellom arabarar og jødar.[34][35][36]
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå, er 95% av innbyggjarane i Gamlebyen arabarar.[38] Berre kring 15 % av den noverande arabiske folkesetnaden ættar frå familiar som budde der før 1948.[39] I 1999 var det 22 skular i Akko med i alt 15 000 elevar.[40]
I 1750 nytta Daher El-Omar, herskaren i Akko, restane av krossfarar,urane til å byggje sine eigne murar. To portar vart sett inn i muren, «landporten» på austsida og «sjøporten» i sørveggen. Murane vart forsterka mellom 1775 og 1799 av Jezzar Pasha og overlevde kringsetjinga til Napoleon. Murane var tynne, høgda var frå 10 til 13 meter og tjukkleiken berre ein meter. Ein tung forsvarsmur vart bygd nord og aust for byen i 1800–1814 avJezzar Pasha og den jødiske rådgjevaren hans, Haim Farhi. Han består av moderne festningsverk med motartilleri, og tjukke murar, ei tørr vollgrav, kanonutpostar og tre store forsvarstårn. Sidan den gong vart det ikkje gjort større endringar av forsvarsverka. Sjømuren, som nesten er intakt, er den originale muren som El-Omar bygde og som vart forsterka av Jezzar Pasha. I 1910 vart det sett inn to portar til i murane, ein i nordveggen og ein i nordvestre hjørnet. I 1912 vart Akko fyrhus bygd i sørvesthjørnet av murane.
Jezzar Pasha-moskéen vart bygd i 1781. Jezzar Pasha og etterfølgjaren Suleiman Pasha, er begge gravlagde i ein liten gravplass ved sidan av moskéen. I eit skrin i andre etasje av moskéen, ligg eit enkelt hårstrå frå skjegget til profeten Mohammed og dette vert vist fram ved spesielle seremoniar.
Den noverande bygningen som utgjer citadellet i Akko er eit osmansk festningsverk, bygd over krossfararborga. Borga var ein del av forsvarsverka til byen, og forsterka nordmuren. På 1900-talet vart citadellet hovudsakleg nytta som Akko og hadde ein galge. Under Det britiske mandatet vart aktivistar frå den jødiske sionistrørsla halde fangar her, og somme av dei vart avretta.
Det tyrkiske badet i Akko vart bygd i 1795 av Jezzar Pasha og har ei rekkje varme rom og eit sekskanta damprom med ei fontene av marmor. Han vart nytta av Irgun for å bryte sg inn i fengselet. Badet vart funksjonelt fram til 1950.
Under citadellet og fengselet i Akko, har arkeologisk utgravingar avdekt ei rekkje hallar, som vart bygd og nytta av Johanittarordenen.[17] Dette komplekset vart ein del av citadellet til Johanittarordenen, som var ein del av nordmuren i Akko. Det består av seks hallar som heng i saman, mellom dei ei gammal gotisk kyrkje. | null | OSCAR-2019 |
|
Dersom du skiftar ut eit eldre vindu med eit nytt som i form og utsjånad er tilnærma likt, treng du ikkje søkje. Søknadsplikt omfattar vesentlege endringar der fasaden sitt visuelle uttrykk vert endra. Er du i tvil så kontakt kommunen.
Hovudregelen er at avstanden frå bygninga sitt veggliv til nabogrensa skal vere 4 meter. Plassering nærare enn 4 meter krev skriftleg samtykkje frå naboen, såkalla positiv fråstandserklæring. Dette må leggast ved som eit eige skriv i søknaden, det er ikkje nok at naboen har kvittert på nabovarslingsskjema.
Frittliggande bygg som garasje, uthus og liknande under 50m2 bruttoareal kan plasserast inntil 1 meter frå nabogrensa. For frittliggjande bygg over 50 m2, skal avstand til nabogrense vere 4 meter (p.g.a. brannomsyn). Plassering nærare enn desse grensene krev skriftleg samtykke frå tilgrensande nabo, såkalla fråstandserklæring. | null | OSCAR-2019 |
|
Oppussinga av første etasjen er nesten i mål. Her er nokre bilete av den nye og forbetra gongen min. Sjølv syntest eg det vart ganske fint. | null | OSCAR-2019 |
|
Skulekonsertordninga med sine to konsertar i året er nedlagd, og frå 2018 blir alle midla til DKS éin pengestraum (spelemiddel). Fylka står då friare til å bestemme kor mange konsertar og korleis musikktilbodet i DKS skal sjå ut. | null | OSCAR-2019 |
|
Rikskonsertane har hatt ein tilleggsavtale med fylka om barnehagekonsertar. I dag er det 12 fylke som produserar og sender musikk på turné i barnehagar. Ordninga har vore eit 50/50-spleiselag, der vårt tilskot også har dekka produksjonsmiddel og informasjonsmateriell. Kulturtilbod til born i barnehagar ligg ikkje i mandatet til Kulturtanken, og er ikkje ein del av Den kulturelle skulesekken. Spleiseordninga med fylka blei oppretthaldt i 2017. Den statlege ordninga for barnehagekonsertar blei lagt ned med verknad frå vår 2018. | null | OSCAR-2019 |
|
I Askvoll er det mogleg å få utlevert sekkar og lodd til ordninga frå gjenvinningsstasjonen i Olsetvikane som har åpningstid på mandager frå kl. 12.00-18.00. Frå midten av neste veke vil det og vere mogleg å hente sekkar på mottaket på rådhuset. | null | OSCAR-2019 |
|
Fast spalte i Jostedal skule- og bygdeavis sidan 2011 om 1600-talet i Jostedalen. Artiklane byggjer i hovudsak på primærkjelder, mest skattelister. | null | OSCAR-2019 |
|
om eg møter eit smil på gata, kan eg vera glad resten av dagen. for det er det einaste teiknet ein kan få frå framande om at vedkommande er snill. og det gjer meg glad å tenka på at eg har møtt ein snill person på gata. smil til folka du går forbi, det er derfor du kan smila.
fordi eg er det. altfor impulsiv. hadde eg hatt nok pengar hadde eg ikkje hatt det lenger. eg kunne reist til gardermoen utan å vite kvar eg skulle før eg kom dit, berre bestilla ein billett til langt vekk utan å tenka meg så veldig om. av og til er det ein sjarmerande eigenskap, av og til ikkje. | null | OSCAR-2019 |
|
9 Lovendring barnehagelova skal behandlast 7. juni Spes.ped (her kan det kome nokre endring ut frå høyringsutkastet) rett til plass (det kjem men det er ikkje vedteke) Fylkesmannen sin rett til å føre tilsyn med barnehagane | null | OSCAR-2019 |
|
Touren har vore bra resultatmessig for Andrew, der han fekk ein god start under prologen. Etter eit godt disponert løp der teknikk fungerte gjennom heile løpet enda han opp med ein 44. plass. Dette er Andrews beste resultat på distanse i verdenscupen, kun 6,5 sekund frå ein plassering topp 30, ca 5% bak vinnartida til Dario Cologna. | null | OSCAR-2019 |
|
Tilskotet blir rekna ut i frå ein fast gjennomsnittssats pr. kg omsett ull. Satsen er fastsett i jordbruksavtalen. Den gjennomsnittlege tilskotssatsen blir av Landbruksdirektoratet differensiert mellom ulike kvalitetsklassar etter forslag frå Nortura og Kjøt- og fjørfebransjens Landsforbund. Dei differensierte satsane går fram av søknadsskjemaet. Eventuelle satsendringar gjeld frå 1. september. | null | OSCAR-2019 |
|
Så reiste me heim til Lærdal. Denne fine personen sov heile vegen frå Sandvika til me var ti minutt heimefrå, og med ein gong me rulla inn i tunet peika ho febrilsk mot svigers sitt hus. Det var ein ganske så lykkeleg unge som fekk komma heim óg, sjølv kor fint det var i Oslo. | null | OSCAR-2019 |
|
Ein fønvind er ein varm og tørr, ofte kortvarig, vind som fell nedover en fjellside, på motsett side av fjellet frå der vinden kjem frå (losida).
Det var allereie mildt, men natt til søndag 14. oktober skjedde det: Temperaturen steg frå 10,9 til 25,1 grader på berre ein time! Vi ser at denne dramatiske auka skjedde samstundes med at vinden dreia 180 grader, og auka på frå sør-søraust.
Mellom kl. 02 og 03 natt til søndag skjer det: Temperaturauke, vindauke, og sjå på fukta: frå 96 til 35 % relativ fukt, alt på ein time.
Det er typisk at det er i Møre og Romsdal vi ser dei største temperaturhoppa som kan knytast til fønvind. Det er fønvind andre stader i landet og, men då gjerne ved andre vindretningar. I Møre og Romsdal er det vind frå sør og søraust som gjeld, og desse vindane er ofte varme i utgangspunktet.
Norheimsund i Hardanger ligg ikkje like gunstig til for å få fønvind når det er sønnavind. Ved kraftig vind frå aust, derimot, er det Vestlandet sør for Stad som er mest utsett.
Observasjonar frå Kvam, som er næraste målestasjon til Norheimsund, viser ei jamn temperaturauke frå torsdag 11. oktober. Det blei uvanleg mildt for årstida også her, men inga dramatisk temperaturauke.
Her i Noreg oppstår ofte fenomenet på Austlandet i vestavindssituasjonar, og på Nordvestlandet i situasjonar med mild og fuktig luft frå sør.
Maksimumstemperaturen i Tafjord for november er til dømes 21,8°C målt i 2003, under tilhøve med kraftig sønnavind, og varme luftmassar som stamma frå Nord-Afrika. | null | OSCAR-2019 |
|
Og no drygde det ikkje lenge før skjerparane kom og sette i gang drift. Dei fekk til eit aksjelag med ein kapital på omlag sju hundre kroner. Mange av dei fremste menn i Vefsn og Mosjøen var med på dette. Dei dreiv ein heil somar med 5-6 mann. Men det vart to smått og eitt lite med gullet. | null | OSCAR-2019 |
|
Dei aktuelle utsegnene for vårt saksfelt finn vi i kapittel 10. Vi merker oss at utsegnene i teksten her i det vesentlege er normative formuleringar med forslag som ikkje er nærare utgreidde eller empirisk underbygde. Vi saknar såleis ei nærare helsefagleg grunngjeving for kvifor ei overføring av oppgåver innanfor folkehelsefeltet frå staten v/fylkesmennene til fylkeskommunane vil styrkje dette arbeidet. Vi reknar med at ei meir utfyllande grunngjeving for dette forslaget naturleg vil høyre heime i det høyringsnotatet som blir sagt skal kome frå Helse- og omsorgsdepartementet i 2008 med forslag til nødvendige lovendringar (jf. side 124). Det kunne vore relevant å vurdere dei røynslene ein har frå liknande endringar i folkehelsearbeidet i Sverige rundt 1990 og frå Danmark i samband med regionreforma der dei seinare åra. | null | OSCAR-2019 |
|
Innanfor jernbanesektoren eig Samferdselsdepartementet to selskap, NSB AS og Baneservice AS. Regjeringa foreslår eit utbytte på 349 millionar kroner frå NSB AS i 2008. For BaneService er det ikkje budsjettert med utbytte for 2008. | null | OSCAR-2019 |
|
Utover på 2000-talet var det på høg tid med renovering av den gamle naturgrasbana, og ting gjekk som ein ønskte seg. I 2007 vart det lagt kunstgras på heile flata for det tidlegare friidrettsanlegget og grasbana. Dermed vart det plass til både ei 11-arbane og ei 7-ar-bane .
Klubbhuset vart oppført i 1987-88 og vart teke i bruk 7. mai 1988 då Volda møtte Hødd i seriekamp. Dagen vart perfekt ved at Volda slo Hødd 4-0.
På klubbhuste er det eit kjøken med stort kjølerom (nytt 2010), hovudsal, eit lite møterom og eit lite kontor. Klubbhuset vert også utleigd til konfirmasjonar, selskap og andre lystelege lag. Hovudetasjen vart pussa opp og fekk nytt golvbelegg i 2012. I underetasjen er der fire spelar-garderober, to dommargarderober og ei badstove, i tillegg til eit par lagerrom og eit vaskerom.
Stadiontak er godt å ha når det er uventa snøver! Her frå NM-kvalifiseringskamp mot Herd i april 2012. | null | OSCAR-2019 |
|
Mitt bilde av min egen far skiljer seg nok ikkje veldig frå det dei fleste har. Far min har gjort så godt han kunne. Noko fekk han til, andre ting fekk han ikkje til. Men han var der, i alle fall. Det såg eg nok ikkje betydninga av då. Men eg har forstått det seinare, at foreldre kan være svært så ufullkomne, men det at dei er til stades, betyr enormt mykje. At dei har tid. | null | OSCAR-2019 |
|
Fader Jihad kjem frå Deir Mar Musa-klosteret i Syria. Han møter respekt og støtte frå muslimar for at han valde å ikkje flykte frå situasjonen i landet.
Broder Sebastian kjem frå søsterklosteret Deir Mayam som ligg rett over grensa til Syria, i Nord Irak. I tillegg har klostersamfunnet hovudbase i byen Sulaymania, like ved den iranske grensa.
– Då krigen braut ut i Syria vart alle aktivitetane ved klosteret stansa. Vi vart heilt isolerte frå omverda og hadde berre mat nok for ein månad. Ingen ville ha hjelpt oss, fortel fader Jihad.
Klosteret i Syria ligg i ørkenen, sju mil frå nærmaste by, Nabk. Men ein militærleir i nærleiken førte til at dei hamna i krysselden mellom opprørarar og regjeringssoldatar. | null | OSCAR-2019 |
|
– Vi prøver å hjelpe så godt vi kan med pengar vi mottar frå kristne organisasjonar og frå vener i Syria, seier fader Jihad. | null | OSCAR-2019 |
|
Ein sample frå songen vart nytta av den britiske elektronikaduoen Lemon Jelly på «Nice Weather For Ducks», som var B-sida til «Soft» (2003). | null | OSCAR-2019 |
|
Det er mennesket som er innovativt, ikkje maskinene. Det er ikkje bedriftene, men hovuda som jobbar der som tek spranget framover. | null | OSCAR-2019 |
|
"Det er mange sektorar innan samfunnslivet som viser vår kulturelle standard eller skort på ein slik. Vår oppgåve er å vega dei ymse krav frå ..." LES HELE | null | OSCAR-2019 |
|
Mange veit ikkje om dei kjem inn på studiet. For å sikre deg bustad må du takke ja og heller kansellere om du ikkje ynskjer/treng bustad likevel. Du kan seie frå deg bustaden du har fått tildelt seinast 31.juli. Det gjer du ved å kansellere (PDF, 133KB)akseptert kontrakt.
OBS! Merk deg at søknaden har ein "aktiv til"-dato! Denne datoen viser kor lenge din søknad er aktiv. Etter denne datoen vert søknaden automatisk deaktivert, og du må difor sjølv sørge for å fornye "aktiv til"-datoen på dinside. (Når søknaden ikkje er aktiv vil den ikkje lenger vere synleg i systemet vårt og du fell ut frå ventelista). | null | OSCAR-2019 |
|
Eit manglande fokus på ungdomslitteratur i aviser og tidsskrift gjer at informasjon om nye titlar vert snevrare og vanskelegare å få kjennskap til. Som forelder eller lærar, kan den lettaste løysinga vere å ty til ei bok ein sjølv kjenner frå eigen barndom. Sjølv om klassikarar kan vere store leseopplevingar og også må viast tid i den rette konteksten, må vi vere merksame på at det har hendt mykje sidan vi sjølve var barn. | null | OSCAR-2019 |
|
Målet for den felles elsertifikatmarknaden er å auke den fornybare kraftproduksjonen i Noreg og Sverige med til saman 26,4 TWh frå år 2012 til år 2020. Handel med elsertifikater kan skje på tvers av landa. | null | OSCAR-2019 |
|
Grindbygg eller grindverk har vore bygd i heile Vest-Noreg. Teknikken er i Hardanger kalla troskykkje. Grindbyggingsområdet går frå grensa mellom Rogaland og Vest-Agder i sør til Romsdalen i nord. | null | OSCAR-2019 |
|
Skal du fortsetje å studere til hausten? No kan du søkje om stipend og lån frå Lånekassen dersom du har studieplass.
All støtte frå Lånekassen blir utbetalt som eit lån, men 40 prosent av lånet kan bli gjord om til stipend dersom du er bortebuar, har inntekt og formue under grensene og har bestått utdanninga di. | null | OSCAR-2019 |
|
eg kan ikkje tru at eg ikkje har komme over denne smakebiten før, av det nydelege moteshowet til sonia rykiel. så langt bak ligg eg i moteverda(eg skyldar på at eg ikkje har råd til vogue). og dette elskar eg berre. det er så drømmande og fint og å. finaste modellane. | null | OSCAR-2019 |
|
Av produksjonen kjem 65 % frå Blådalsvassdraget (Blåfalli) i Matre i Kvinnherad kommune. Her er rundt 30 % av nedslagsfeltet dekka av isbre (Folgefonna), noko som har utjamnande effekt på tilsiga slik at ein òg kan få høg produksjon i år med lite nedbør. | null | OSCAR-2019 |
|
Har du ikkje kasta deg på Treme då, slik som eg? Mange av dei same skodespelarane er med. Ikkje same spenninga, men utruleg god miljøskildring. Og ikkje minst: Mykje god musikk. | null | OSCAR-2019 |
|
Det vart seige dagar for trauste SV-arar førre veke. Utspelet frå kunnskapsminister Kristin Halvorsen om å svekkja kompetansemåla for sidemålsopplæringa i læreplanen kom som lyn frå klar himmel. I alle fall i lys av partiprogrammet. Men les ein seg bakover i dei politiske styringsdokumenta, kjem Halvorsens utspel slett ikkje overraskande. Les meir → | null | OSCAR-2019 |
|
Andelseigaren kan ikkje utan samtykke frå styret overlate bruken av bustaden til andre ut over det som følgjer av §§ 5-4 til 5-6.
Har laget ikkje sendt svar på ein skriftleg søknad om godkjenning av brukar innan ein månad etter at søknaden er komen fram til laget, skal brukaren reknast som godkjend. | null | OSCAR-2019 |
|
Eit av dei eksklusive Wii U-spela vi har sett mest fram til her i redaksjonen er Rayman Legends. Etter det herlege Rayman Origins frå 2011, har det ikkje vore utan grunn. Solide plattformspel er det ikkje for mange av, og dette spelet såg ut til å kunne bli eit solid pluss i margen for Wii U. | null | OSCAR-2019 |
|
Så kjekt når det går bra på julemessa! Dette er fyrste året på lenge at eg ikkje skal vere med på messe sjølv... Sakner det litt, for det er utruleg koseleg å treffa så mykje folk, og får ein solgt noko er det ein bonus me likar ;o) | null | OSCAR-2019 |
|
Og det er rett at det kjem ei reportasje frå Fjordhuset snart. Men det er ikkje i eit blad som nokon trudde. Det er nok "berre" ei lokalavis (fylkesdekkande denne gongen ;) | null | OSCAR-2019 |
|
Vi andre som ikkje var så heldige, kan gå i nettbutikken til Kremmerhuset og handle istaden. Mykje sommarleg og fint inne no. Butikken har alltid fine priser, | null | OSCAR-2019 |
|
Lat oss ta eit lite blikk tilbake mot det tidvis herlege rollespelet Tales of Xillia som blei lansert her til lands i fjor. Mykje godt kan seiast om spelet, men ein ting var problematisk. Kampane var alt for enkle, og sjølv om du kunne skru opp vanskegrada løyste ikkje dette problemet heilt.
Ubalansert vanskegrad og gamle område er ikkje det einaste som vender tilbake frå Tales of Xillia. Heile persongalleriet trappar opp etter tur, og etter ein solid bunke timar vil du ha støtt på kvar og ein av dei tidlegare heltane. Som du kanskje skjønar møter vi ikkje eit nytt knippe heltar, men eit par nye ansikt byr spelet på likevel.
Tales of Xillia 2 er på ingen måte eit dårleg spel, det byr berre ikkje på noko nytt. Dette er ikkje ei sandkasse du berre kan hoppe ned i for å gjere noko nytt kvar gong. Dette er ei verd med spesifikke område du ikkje kan gjere noko anna i enn å vandre frå A til B medan du plukkar opp gjenstandar og daskar monsterrumper på vegen.
For min del er ei slik jomfruferd inn i Tales of Xillia 2 heilt umogleg. Eg har spelt dette før, og det var betre då. Personane engasjerte meir, historia engasjerte meir, humoren var betre, og sjølv om det blei mykje trasking fram og tilbake der òg fekk eg heile tida sjå noko nytt.
Tales of Xillia 2 er slik eg ser det ein billeg oppfølgjar. Utviklarane har ikkje berre tatt puslespelbitar frå eit tidlegare spel og sett dei saman på ny. Dei har teke heile puslespelet i si opphavelege form og har ikkje gjort stort meir enn å teikne inn ein og annan ny strek med penn. | null | OSCAR-2019 |
|
1925: Grønlandskrisa tok til då Noreg melde frå til England at ein ikkje ville godkjenna Danmark sin rett på Grønland. | null | OSCAR-2019 |
|
Det vert i desse dagar gjort siste finpuss på søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune om midlar til eit forprosjekt for utvikling og verdiskaping av pilegrimsleia frå Valldal til Dovre – Valldalsleia. | null | OSCAR-2019 |
|
Eg har ikkje fantasi no til å fabulere over dei spørsmåla. Men ein ting du bør gjere, er å sjekke samtlege dødslister frå sjømannskyrkjene, om du kan finne han der. Dei kan i beste fall fortelje deg om hans endelikt og kanskje òg gje eit hint om kor du kan finne meir informasjon om han fram til då. Du finn dei sist under "Kyrkjebøker" her på DA. | null | OSCAR-2019 |
|
Noregs eksport av RÅK-varer er totalt sett avgrensa. Dersom ein ser bort frå mineralvatn, som det er størst eksport av, har eksporten hatt ein svak nedgang frå førre kvartal. Knekkebrød og sjokolade skil seg derimot ut ved at dei har hatt ein aukande trend over tid. Det ser mellom anna ut til at eksporten av knekkebrød, som har hatt ein sterk oppgang dei siste åra, har stabilisert seg på eit relativt høgt nivå i heile 2018. | null | OSCAR-2019 |
|
eg må berre legge til at vi ikkje trengte å fyre i ovnen igår. Temperaturane har vore kjempefine denne helga. Men det var for kosen si skyld ;) Og det var ikkje lenge eg klarte | null | OSCAR-2019 |
|
– Dømet frå Cape Town er berre eitt av mange på korfor vi må fokusere på berekraftmåla. Og i høve til desse er vi alle utviklingslad, seier Olsen. | null | OSCAR-2019 |
|
Men knirkefritt har det ikkje vore. Sidan januar 2017 har ein ikkje hatt noka regjering i Nord-Irland. Eg trur ein vil finna ut av dette òg, såframt Brexit ikkje får for store konsekvensar.
– Då den irske øya i si tid vart delt, var provinsen i nord protestantisk styrt, og parlamentet vart kalla eit protestantisk parlament for protestantiske menneske. Katolikkane vart diskriminerte, både i arbeidsmarknaden, i bustadområde og meir. Med Langfredagsavtalen vart gruppene likestilte på ein annan måte. Slik stemmer det nok at katolikkane har vunne mest, men eg veit ikkje om det betyr at protestantane har tapt. Det vart pumpa inn mykje pengar i Nord-Irland, mellom anna frå EU, og Belfast har blitt moderne og blomstrande i løpet av dei 20 åra. Sjølv om ikkje alle byggjer opp under freden, trur eg dei fleste set pris på utviklinga som har vore.
– Forholda kjem nok an på kvar du er. Dette har alltid vore eit klassesamfunn, og i arbeidarklassen i dei store byane bur folk ofte kvar for seg. I Belfast reknar ein aust som protestantisk og vest som katolsk, men i tillegg er byen full av såkalla «peace walls» mellom bustadområde; du finn katolske område berre eit steinkast unna protestantiske og omvendt. I desse områda omgåast ein ikkje kvarandre. Også på landsbygda flaggar ein anten med trikoloren eller Union Jack for å visa kven ein er. Å leva separat skaper mistillit. Det har blitt lettare å omgåast, men det vil nok ta endå nokre generasjonar før ein kjem vidare frå dette.
The Troubles: Periode frå mars 1969 då spørsmålet om allmenn stemmerett i kommunalpolitiske spørsmål skapte strid mellom protestantar og katolikkar. | null | OSCAR-2019 |
|
Under NM i poker som vart avslutta på Gardermoen sist veke, stod Stian Jakobsen frå Ågotnes i Fjell for ein storvegs prestasjon. 30-åringen vart nummer fire i den viktigaste konkurransen, kalla Main Event. Jakobsen spelte poker i ei heil veke. Han var først med i ein mindre turnering, før han altså kom heilt til finalebordet i Main Event, der han vart fjerdemann. Turneringa vart vunne av Preben Stokkan.
Tobarnsfaren frå Ågotnes er ikkje vand med slike turneringar. Han var også med i NM i fjor, men erfaringa hans som pokerspelar stammar først og fremst frå den lokale klubben Midtfjellet Casino på Ågotnes. | null | OSCAR-2019 |
|
Til vanleg jobbar Jakobsen som røyrleggjar. Men eit høgdepunkt i veka er pokerlaget på fredagskveldane.
– Eg veit ikkje heilt kva det er med poker eg likar så godt, men det er det gøyaste eg gjer. Når fredagen kjem kan eg ikkje venta med å koma i gang, seier Jakobsen. | null | OSCAR-2019 |
|
På denne staden låg erkebispegården tidlegare, men i 1620-åra vart det bygd kyrkje på ruinane av erkebispegården. Sidan dei andre kyrkjene i byen då var fleire hundre år gamle vart denne kalla den nye kyrkja, og slik vart det ”Nykirken”.
På grunn av brannar har også kyrkja vorte nybygd fleire gonger. Første gong alt i 1623. Den nybygde kyrkja brann att i 1756, og endå ei ny kyrkje var ferdig i 1763. Men denne brann også, nemleg i år 1800. Kyrkja som då vart reist stod fram til 20.april 1944. Eksplosjonsulykka på hamna resulterte i brann og alvorlege skadar på kyrkja. Den restaurerte kyrkja etter krigen vart innvia i 1956.
Det er mange detaljar som er vert å få med seg ved kyrkja. Barokkportalen frå 1670, med kong Christian Vs monogram kan du sjå nær cachen.
Kyrkja er forsøkt holdt etter teikningane til arkitekten J. J. Reichborn frå 1700-talet. I mange år eksisterte kyrkja utan Reichborns tårnspir, men då kyrkja sto nybygd og rehabilitert i 1956, var dette med spir frå originalteikningane. | null | OSCAR-2019 |
|
Med en målforskjell på 32-6, veit spelerane kvar målet står! Ikkje minst viser resultatet at forsvaret jobber, og det er vanskelig for motstanderane å kome seg forbi oss. Sist, men ikkje minst, må en ikkje gløyme "super" keeperen bak som ikkje slapp inn fleire mål. | null | OSCAR-2019 |
|
Røldalstunnelen og Seljestadtunnelen på E134 er opna etter at politiet viste vekk sauane som søkte ly frå varmen. | null | OSCAR-2019 |
|
Han presiserer at han ikkje har grunn til å mistenke utvalet for å drive dette som ein medviden strategi, men oppfattar det som eit teikn i tida.
I fjor fekk NFFO 48 millionar kroner i vederlag. 35 prosent, eller vel 17 millionar, kom frå universitets- og høgskulesektoren.
- Ein må verkeleg spørje seg kva som vil skje dersom ein går inn og gjer om på eit motivasjonssystem som faktisk fungerer heilt utmerkt. | null | OSCAR-2019 |
|
Sjølv om eg var nesten kvar sommar i Hattfjelldal då eg var yngre, har eg aldri vore på fjellet som har gitt bygda namnet sitt. Men i sommar tok eg turen. Flott tur, flott fjell og fantastisk utsikt. Frå toppen kan ein til dømes skue ut over Røssvatnet og eit stykke innover i Sverige. På samisk heiter fjellet Aarpije "enka", sidan det står så åleine. Ein kan sjå at fjellet er ganske raudt, og tidlegare vart det henta ut kopar frå toppen. Den raude fargen kjem likevel av serpentin i fjellet. | null | OSCAR-2019 |
|
«Slottet i sanden - songar frå Midtausten» er ein skulekonsertproduksjon med musikarar frå Palestina, Jordan og Noreg. Utøvarane speler bornesongar, folketonar og ny musikk frå Midtausten, og fortel historia om vesle Laila. | null | OSCAR-2019 |
|
ja, det er nok det mest sjokkerande for meg. folk som drikk rundt ungar og ungar som har megastore kjekspakkar på bussen på veg heim frå skulen. :/ | null | OSCAR-2019 |
|
Med lærarar frå ulike land, fekk ho eit internasjonalt perspektiv på den kvantitative spørjeundersøkinga og dei kvalitative intervjua. | null | OSCAR-2019 |
|
Mount Woodward er eit fjell, 770 moh, som ligg 2,4 km aust for munningen av Antarctic Bay på nordkysten av Sør-Georgia. Det vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951-57, og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Roswall Woodward frå New Haven i Connecticut, som i 1790 kommanderte ei av dei to første amerikanske selfangarskutene som vitja Sør-Georgia. Den nærliggande Antarctic Bay vart ein gong kalla «Woodward Harbour», men dette namnet har ikkje overlevd.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Woodward» (innhald frå Geographic Names Information System). | null | OSCAR-2019 |
|
Pårørande er ein viktig ressurs og vi ynskjer eit godt samarbeid med dei. Vi har ein barneansvarleg som har fokus på barn som pårørande.
Vi held til i eige bygg i tilknyting til Førde sentralsjukehus, berre minutt å køyre frå Førde sentrum. | null | OSCAR-2019 |
|
Jostedal kyrkje stod ferdig i 1660, same året som innføringa av eineveldet i Noreg der kongen tok all makt sette den gamle adelen til side. Dette er i vår samanheng ikkje uviktig. Med reformasjonen i 1536/37 tok kongemakta kontroll over den tidlegare sjølvstendige katolske kyrkja. Prestane vart ikkje berre Guds tenarar, men i aukande grad òg kongens og statens tenarar. Under eineveldet vart det statlege byråkratiet i Danmark-Noreg kraftig utbygt, effektivisert og sentralisert, og på lokalplanet spela prestane ein nøkkelfunksjon. Presten skulle kunngjera lover og forordningar for allmugen, ta opp manntal når det vart kravd, vera formann i skule- og fattigkommisjonane når dei vart oppretta midt på 1700-talet og ta seg av ei rad andre liknande verdslege oppgåver. Så viktig var presten at då Stortinget i det frie og demokratiske Noreg innførte det lokale sjølvstyret i 1837/38, vart prestegjeldsgrensene utan vidare lagde til grunn for formannskapsdistrikta, altså kommunegrensene.
Det einaste Foss er kjend for, er stykket Justedalens kortelige Beskrivelse (1750), som er ei hovudkjelde til folkelivet i Jostedalen på 1700-talet og gjev eit godmodig inntrykk av den unge presten. Men den medaljen hadde ei bakside.
Foss streka opp to løysingar, som båe gjekk ut på å leggja ned Jostedalen som eige prestegjeld: anten kunne Jostedalen bli eit annekssokn til Luster, eller så kunne Gaupne skiljast ut frå Luster og bli hovudsokn i eit nytt prestegjeld med Jostedalen og kanskje Joranger som annekssokn. Det viktige for Foss var å koma seg bort. Men Foss måtte bli, og prestegjeldsgrensene vart ikkje endra. I staden kom det på våren 1743 sendande 200 tønner korn i rein naudhjelp til allmugen og presten i Jostedalen frå stiftsamtmannen i Bergen, med kongeleg velsigning og påteikning.
Jostedalen vart altså verande eige prestegjeld gjennom alle dei år, men øvrigheita måtte òg sikra seg mot at prestane drog sin veg, eller endå verre: svalt i hel. Løysinga, som me fyrste gong har dokumentert alt i 1625, var subsidiar. Jostedalspresten fekk av lensherren, seinare stiftsamtmannen i Bergen, rett på eit visst tal korntønner frå andre kyrkjer i Sogn, eit tilskot som vart auka fleire gonger. I 1751 sytte Pontoppidan, som plaster på såret for at Foss måtte bli verande, at prestekallet òg skulle få 50 riksdalar årleg frå presten på Voss, av alle stader. I 1850- og 60-åra vart så tilskotsplikta overført til Opplysningsvesenets fond, så då trong ikkje jostedalspresten lenger luska rundt på dei årlege nedverdigande innkrevjingsrundane til kyrkjene i Sogn. | null | OSCAR-2019 |
|
Oppdrag mellom sjukehus skal som hovudregel vere bestilt frå avdelingane klokka 13.00 dagen før. Som regel vil pasient bli orientert om forventa avreisetidspunkt kvelden før turen. | null | OSCAR-2019 |
|
Tysdag 21.august blei det sett fokus på reiseliv og mattradisjonar då både samferdselsministeren og landbruksministeren tok Bergenstoget. Dei 400 passasjerane i toget blei servert lokale smaksprøver frå 20 matprodusentar frå distrikta som toget køyrde gjennom.
Undervegs på togturen blei det haldt innlegg både frå dei to ministerane, frå Innovasjon Noreg, frå Olav Thon og frå lokale reiselivsfolk i Hallingdal. - Hallingdal er eit godt eksempel på at det blir ei stadig tettare kopling mellom mat og reiseliv i Noreg, og målet er at denne kombinasjonen skal bli eit enda meir attraktivt trekkplaster i tida som kjem, sa landbruksminister Terje Riis Johansen. | null | OSCAR-2019 |
|
Leif-Einar «Lothepus» Lothe frå Odda har vorte ein nasjonal yndling etter suksessen med Fjorden Cowboys og Farmen Kjendis. Foto: TV2
La oss sjå vekk frå at det er diskriminerande å berre tekste éin person på grunn av ei litt meir krevjande dialekt. Og at TV 2 grunngav det med at austlendingar kan om dei vil, men er for late. Men du har ikkje tenkt på at TV 2 gjer deg ei bjørneteneste? Ja, du forstår kanskje kva han seier no på TV. Men kva om du flyttar til Odda, der Lothepus er i frå? Eller kva om du kjem i ein situasjon der du må flytte til heimbygdi mi, Fjærland i Sogn? Både i Odda og i Fjærland, eller nokon andre plassar for den saks skuld, er det ingen som går etter deg og tekstar det dei lokale seier.
Så sjå for deg at du flyttar til Fjærland, og dei nye naboane lurer på om du kan ha eit kaffeslabberas. «Keragaorleisn?», seie dei når dei kjem inn døra. Dei lure på kvar dei skal hengja opp utapaotrøya. Og om du ikkje har funne fram bidne enno.
Nei, det er ingen undertekstar i verkelegheita, sjølv om ein skulle ønskje det var det for framande dialektar. Men om du skulle vere så heldig å flytte til Fjærland og treng litt hjelp så er eg språkstudent, og tar gjerne jobben med å fylgje etter deg og omsetje alt dei seier. Då kan du, din late austlending (eller om du er frå ein anna stad), halde fram med å leve eit sutalaust liv utan språklege vanskar. | null | OSCAR-2019 |
|
Du må gi melding til oss dersom du sluttar i utdanninga, eller om det oppstår andre forhold som gjer at du ikkje lenger skal ha pengar frå oss. | null | OSCAR-2019 |
|
I røyndomen var vi gode bygdedyr alle som ein. Vi sat ikkje og kika ut glaset på skulen og gledde oss til friminuttet. Nei, vi grudde oss til kven som vart plukka ut. Kven som var dagens offer.
Framleis er det eit dagleg helvete for han som er for tjukk, ho som er for tynn, han som manglar ei tå, han som først vart kjønnsmoden, ho med eller utan pupper, han med feil bukse, han som pissar seg ut om natta og alle dei andre som har noko ein kan henga eg opp i.
Faenskapet har alltid blomstra, men ikkje i lyset. Faenskapet blomstrar i skuggane der dei vaksne ikkje ser, og når dei vaksne ikkje ser, trur dei at alt er såre vel. Vi kan heller ikkje forvente at dei unge skjerpar seg, når vi sjølve dyrkar hetsing. Frå nettside om antimobbing: | null | OSCAR-2019 |
|
Fylkeskommunen har sett på kva tema i verdiskapingsplanen som i særleg grad vil ha nytte av impulsar frå internasjonalt samarbeid. Ut frå denne gjennomgangen vart det formulert eit dokument «priorities for international cooperation» | null | OSCAR-2019 |
|
Ramslaukoljen frå Ramslaukprodukt, er laga av uttrekk frå ramslaukblada. Den er mild, og eignar seg godt på salat, i dressingar, som smaktilsetning til ulike rettar, som t.d pastarettar, og til å lage majones av." | null | OSCAR-2019 |
Subsets and Splits